"Vi nordmenn har ikkje så lett for å snakke om krig. Det ligg ikkje heilt for oss. Vi blir beskjedne og rare og veit ikkje heilt kva vi skal seie. Vi ser ned i bakken og sparkar litt i småsteinen.Vi er ikkje så vant til å snakke om sånt. Naturlig nok. Dei fleste av oss har aldri opplevd krig. Vi har omtrent berre høyrt om ein krig. Den krigen blir til gjengjeld berre kalla Krigen.
Krigen har vi lært om på skulen, og i filmar der alle nazistane blei spelte av svært tynne skodespelarar med endå tynnare brilleinnfatningar og godt synlige kinnbein påfallande plassert i ansiktet. Dei snaka engelsk med rar aksent og sa gjerne ting som "Schnell", fordi det er det tyske ordet som er lettast å uttale for folk som ikkje har tysk som førstespråk.
Frå bøkene og historiene vi har høyrt om Krigen har vi lært at nazistane til slutt let seg knekke av djerve norske motstandsfolk som satt nede i mørke kjellarar og høyrte på radio og åt binders og røykte bark og snakka kodespråk, eller som trekte ut i skogen i latterlige skiantrekk og fraus av seg armar og bein, men likevel klarte å bygge forbløffande avanserte forsvarsverk av granbar og smelta snø.
Dette er den krigen vi er vant til.
Når du så får spørsmål om ein heilt annan krig, ein krig som ikkje liknar ein gong, så er det klart at det er vanskelig. Vi veit ikkje kva vi skal seie. Vi blir usikre og rødmar og mumlar eit eller anna utydelig. Til og med vaksne folk i solide jobbar, til og med folk som Jan Petersen, har det sånn. Får han eit spørsmål om krig, så veit han ikkje heilt kva han skal seie, men eit eller anna må han jo seie, han er trass alt Jan Petersen, og då seier han for eksempel: "Nå må våpeninspektørene og FN-sporet få følge veien som er lagt opp og Saddam og Bush og våpeninspektørene og FN-sporet og dette er viktig".
Då Kjell Magne Bondevik begynte å få ein del spørsmål om krigar både her og der i fjor haust, så visste heller ikkje han kva han skulle svare, så hans første tanke var å seie: "Nei, vi skal ikkje heller snakke ganske mykje om ein komikar på TV2 då?"
Det syntest alle som arbeidde i store norske mediebedrifter var ein knakande god ide, for alle som arbeider i store norske mediebedrifter er også nordmenn, og har heller ikkje sålett for å berre snakke om krig sånn heilt utan vidare.
Så snakka vi om ein komikar på TV2 i nokre veker.
Etter jul begynte det å bli mykje mas igjen, og det var nokon som prøvde seg på ein liknande variant, og sa: "Vi skal ikkje heller snakke ganske mykje om ein programleiar i "Sommeråpent" då?"
Også alle vi andre, alle vi som ikkje er politikarar og som derfor strengt tatt ikkje MÅ uttale oss, også vi har problem med å snakke om krig og ikkje om Krigen. Fordi vi aldri før har brukt desse orda i samanhengar der dei faktisk betyr noko.
Vi kan ikkje berre stå der og seie at vi er for fred og mot krig. Ikkje fordi det er feil, men fordi det er for opplagt.
Av alle ting det går an å vere for og mot, er dette det mest opplagte. Og det mest komiske. Då Dagbladets marknadsførarar skulle lage ein reklamefilm som passa til forrige tusenårs mest misvisande slagord "En liten motvekt mot alt det meningsløse", laga dei ein film med
eit brød av ein fotomodell som syntest der var veldig dumt med krig og fred og sånn. Og alle syntest modellen var dum. Og alle syntest Dagbladet var smarte. Fordi Dagladet i likskap med dei fleste andre til daglig unngår heile problemet med krig og fred og sånn, og heller skriv artiklar om kor mange øre du kan spare på å skifte straumleverandør.Skal du ha ein parodi på nokon som er litt naiv og dum, så treng du berre ein persom som er for fred og mot krig. "Eg synest krig er dumt" er omtrent det mest latterlige du kan seie. Sjølv om dei fleste naturligvis meiner det.
Derfor, når vi blir spurt i meiningsmålingar, og kan svare anonymt, så viser det seg altså at dei fleste, dersom dei kan velje, faktisk synest fred er betre enn krig. Desse meiningsmålingane har Kjell Magne Bondevik snappa opp. Han er veldig var for sånt. Derfor har han begynt å seie "Vi må følge FN-sporet", og han håper at viss han seier det ofte nok, så vil det verke som om han har sagt det heile tida.
Også Jan Petersen er mykje klarare og strengare enn før når han seier: "Nå må FN våpeninspektørene Saddam Bush-administrasjonen følge veien som er lagt opp og Bush og Saddam og tid og sporet og Saddam og alvoret i situasjonen og våpeninspektørene og dette er viktig." "
Dette er skrive av Are Kalvø. Han er forfattar, komikar med meire (og plutseleg gjekk eg over til nynorsk!)... Om nokon vil lese meir besøk sida hans da, der finn ein mykje rart, mildt sagt.;P
Det er ikkje på grunn av dette kåseriet eg har henta namnet til bloggen min, nei uttrykkjet "krig og fred og sånn" har eg fått høyrt tidlegare, hugsar ikkje av kven, men det er ikkje så viktig... Kanskje i samanheng med mine utsagn om litt rare ting utan samanheng?! Dykk får berre ha meg unnskyldt!