Det regnar ute... MYKJE! Store dammar blir til på få minutt, eg får ein merkeleg trang til å berre ta på meg regnkleda, springe ut og danse i regnveret. Er dette normalt?! Å oppføre seg som ein fireåring, eller rettare sagt som ein litt galen fireåring?:)
Mange blir sikkert versjuke av sånnt ver. Det hender at eg og blir det, men det er når det er berre litt regn. Når regnet kjem i store mengder da... Da skinner fireåringen fram og da kan ingenting stoppe meg, nei, verken strenge mødre eller tilbod om ein god, varm kaffikopp. Den kan eg ta etterpå!
Grunna til dette veret er litt uklårt. Og da er det ikkje sjølve regnveret eg meiner. Nei, det er dette ekstremveret som har vorte vanlegare i den seinare tida. Eg begynner å bli litt bekymra! Kva om verda til slutt blir så lei av at vi menneska øydelegg ho med forureining, søppel, giftige utslepp, osv.
Men det er ikkje berre meir regn som kjem, det er og mengder med varme, sol og uttørking av store landområde. Dette fører til matmangel, så må ein kjøpe mat frå stader lengre unna. Transporten ureinar som oftast ein god del og dermed har snøballen begynnt å rulle..
Global oppvarming er eit god kjend uttrykk i desse dagar. I alle medier ser og høyrer ein om alle miljøkatastrofane i verda. Spesielt borte i Asia er det eit veksande problem med gigantiske flodbølgjer som utslettar alt som står i vegen. Kysten langs Amerika er etter kvart vorte utsett for voldsame orkanar med klingande namn som "Gudrun"...
I Europa, nermare bestemd Storbritannia har det Kome kjempestore mengder nedbør, som har ført til munn- og klovsyke blant dyr, og mange folk har måtte evakuere frå heimane sine.
Her i Noreg har vi og så smått fått kjenne på desse veksande problema. I sør har det regna noe enormt, avlingar har vorte øydelagde
Sjølvsagt er det dei forskarane som meiner at dette ikkje er menneskekapt, eg er litt i tvil... For kvifor skulle Gud øydeleggje sitt største mesterverk?! Kvifor i alle dagar skulle han det?
Eg trur vi bør gjere som urfolket og ta betre vare på den jorda vi bur på. Som å sortere søpplet vårt i staden for å kaste alt på same plass. For vi får ikkje ei ny, berre fordi at den ganle er utslitt...
Tenkje litt på det. Tenkje på miljøet, på andre enn kun deg sjølve.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar