Så har skulen bynt igjen... Ikkje har eg berre begynnt i 10ende klasse, eg har og fått meg ein ny lærar! Sigrid Schei.. Den gamle læraren min (Katrine B. Schei) syntes at vidaregåande høyrdes meir interesant ut, så ho let oss (klassen min) stå utan lærar, og heile ungdomsskulen har mista verdas beste gymlærar og motivator!
For hadde det ikkje vore for ho hadde eg aldri sprunge 3000 meter medan at alle på heile skulen + vidaregåande såg på... I alle fall ikkje fullført:P Kanskje vi ikkje ein gong hadde vunne pokalen ein gong?! Nei da..
Men tilbake til i dag. Det heile starta med at rektor heldt ein laaaang tale, så fekk vi utdelt ein haug med bøker som vi skal ha papir på og papir som skulle underskrivast og leverast snarast. Så masa dei om dette storprosjektet vårt, berre ein liten månad att no! GLER MEG!
Har fått ein ny elev på trinnet: Daniella Greenwood. Ho er halvt norsk, men har engelsk far, derav navnet.. Kjempetrivelig jente ;P
Ellers gjekk dagen med til å ete, spille fotball og skravle med venner. Blei ikkje så mykje tid til fotball som eg hadde håpa, for gutane ville eigentleg ikkje ha med oss (meg pluss to jenter til) "fordi vi var jenter.." Men vi vart med likevel, og kanskje var vi ikkje så dårlege likevel?!
I morgon er det øving på kulturhuset heile dagen! Må huske å ta med penger til kaffe...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
jaja, det e kjekt på skolen da! hvert fall her på Vestborg, e d fantastisk! Gratulerer med ny lærar og ny elev i klassinj! :)
Takk! Lura på om leraranj he fast rutine om å skrem elevanj om eksamen første skuledag, hæll om dæm jær d berre mot oss... E e i alle fall vettskremt! :)
Legg inn en kommentar