No er det altså over.. Og det er sinnsykt trist! For ei fantastisk tid det har vore, tiltross for feber, stemmetap osv...
Men det var ikkje berre eg som fekk kjenne den harde påkjenninga dette prosjektet har vore, så på den andre forestillinga var det fleire som hadde migrene og ein fekk tilogmed hiva innpå 4 Ibux på dei to timane forestillinga varte! Og ein annan måtte tilslutt ha spybøtte.. Men nok om det, ingen av publikum reagerte, så da er vi fornøyde!
Og jammen var dei fornøgde! Det resulterte faktisk i ei ekstraforestilling!!
No har det vore fullt kjør sidan august i år, og dette har vore ei kjæmpeerfaring for oss! Kjem aldri til å gløyme denne gjengen!
Glad i dei alle saman! <3<3
24. september 2007
17. september 2007
NÆRVØS!
Ja det er eg! I morgon er det skuleforestilling og premiære, og eg veit ikkje heilt om det som rører seg i magen min er kaffe eller nervar... (A) Trur det er kaffe faktisk.
Men eg er ikkje i nerheten av kor nervøs desse lærarane på trinnet.
Dei er jo heilt galne!
Fem min før generalprøven i dag kjem Ragnhild Loe (lærar) bort til meg og Simen (klassekompis) fot å sjekke om alt er bra, vi seier at alt faktisk er heilt greit, NO PROBLEM! Men ho er framleis ikkje fornøgd, så til slutt må Gudmund Husby (ein annan lærar) kome og få ho til å flytte seg, slik at spotten kunne lyse på oss.
Eg må forresten fortelje litt om denne fantastiske læraren Gudmund. Ein kan mesta høyre det på namnet, vi som veit kven det er får i alle fall eit annfall blanda av ubehag, latter , sinne, kvalme, frysningar..
For å forklare litt: Gudmund er da litt gammeldags når det gjeld påkledning, det vil seie buksa dratt så langt opp som det går an pluss ti centimeter til. Som oftest går det i dongeri, så gutane på trinnet synest mesta synd på det som blir klemd saman, for å seie det sånn...
Men det stoppar ikkje der. Neida. I løpet av året har SUS (SurnadalUngdomsSkule) med gjevne mellomrom ein eller annan form for cup. Enten det er fotball eller volleyball, shortsen til gudmund er dradd langt over navlen og singletten som viser de nybarberte armhulene og brystet er til å grine av! Tilogmed leggene er barberte!
Så eg seier berre: NEI TIL GUTAR SOM BARBERER SEG PÅ STADER DEI IKKJE SKAL!
12. september 2007
Haust.. Snart jul!
Ja, for det er ikkje lang tid att før butikkane startar med julesalg og juletilbod. For dei startar jula allerde i begynnelsen av oktober, medan vi "vanlege" folk føler at julestemninga først kjem rundt desember..
Denne overgangen fra sommar til vinter, også kalt haust er ei trasig tid, spessiellt her på nordmøre. Her tar ikkje værgudane hensyn til noko, så verken folk eller fe slepp unna dette sure, kalde, våte, fykdomsfremkallande som kjem dalande ned fra oven i form av "nedbør".
Eg skal ikkje klage, synest mesta det er triveleg med dårleg vær, både når eg er inne og ute. Men mange andre tar ikkje dette så bra, det er greit nok, verre er det når dei let det gå utover andre. Da blir man ikkje så positivt innstillt på det som skal skje ellers.
No er det ikkje mange dagar att til premiæren på prosjektet vårt, berre fem dagar att!! Eg er spent, men overraskande nok ikkje nervøs. "That 60's Show" skal bli det beste tiandeklasseprosjektet nokon gong! No til helga er det øving begge dagane, og på måndag er det generalprøve.
EG GLER MEG! både til jul og til showet vårt.

3. september 2007
Kva eg er.
Kva er eg i følge google?! jo, eg er:
* Ukens kvinne (takker og bukker)
* Herreavdelingens interiørarkitekt
* Forlova (med kven da?)
* 2.årselev ved medier- og komunikasjonslinja ved Breivika
* Ikkje heilt i form fremdeles (hei, det er da faktisk sant!)
* Nosk, og skriver vanvittig bra tekster
* Regissør
* Alltid like skjønn
* Glad
* ca 80 cm og sit på ein stol
* 22 år gamal (blitt ein del eldre, ja)
* Medlen av SVs internasjonale utvalg (jaha..)
* Populær blant gutta ;)
* Blitt syk
* Eit godt, gammalt og etablert norsk namn
* Ei dame med allsidige interesser og livlig fantasi
* Opptatt
* Er frå Stavanger (tvilsomt)
* Beste kvinnelege skodespelar (så klart)
* Den i noreg som har gått mest med gåstavar
Da vil eg konkludere at eg frå nå er ei 22 år gammal dame på 80 cm frå Stavanger. Forlova, dermed opptatt. Mesta litt synd, sidan eg er så populær blandt gutane. Har vorte syk (kanskje av for stor bruk av gåstavar?!), og fremdeles ikkje heilt i form. Men eg er fortsatt glad og alltid like skjønn.
For ei stund sidan vart eg kåra til ukens kvinne og beste kvinnelege skodespelar! Eg er ei dame med livleg fantasi og allsidige interesser, og eg skrive vistnok vanvittig gode tekster. Det kan kome godt med når eg skal regissere min nye film. Framleis er det medie- og kommunikasjonslinja som gjelde, etterpå har eg tenkt å bli medlem i SVs internasjonale utval.
Kan sikkert leve med mykje av dette, sett bort i frå det å vere 80 cm høg, det må vere litt tungvint.:)

Abonner på:
Innlegg (Atom)