23. januar 2008

UKM - Ungdommens kulturmønstring

I går var det UKM. Det var kjekt! Eg og resten av dansegruppa dansa to dansar. Vi fekk kjempegod respons på begge to, og eg håpar verkeleg at vi kjem vidare, sjølv om sjansen er minimal sidan vi er så mange på gruppa:S

Denne veka her håpar eg går fort, for til helga skal eg for første gong besøke Håkon på Vestborg! Då får eg treffe alle vennane hans og det blir stas! Og ikkje minst Håkon sjølv, saknar deg verkeleg!!

Tru det bli ei fantastisk oppleving, som eg verkeleg ser fram til!

12. januar 2008

Januar

Ja, veit det er ei tam overskrift, men eg kom ikkje på noko anna i farta. Sit og ventar på at pizzaen til mor skal verte ferdig, og eg er verkeleg svolta kjenner eg. Sidan det er laurdag så har me familiekveld, og det er som oftast kjekt.

I kveld er det Casino Royale på tv'en, har aldri somla meg til å sjå denne siste filmen om han høge, mørke, kjekke.. Nei, no rotar eg meg bort, Daniel Craig er heilt klar ikkje høg og mørk, han har ikkje brune auge ein gong, men kjekk er han, sjøl om han er litt godt oppe i åra.

Har ikkje så mykje til over når det gjeld James Bond, har sett andre, litt meir spennande filmar, må ærleg innrømme det. Men no var det ikkje min tur til å bestemme kva me skulle få sjå no i kveld. Neste helg skal eg ein tur til meldal, det blir kjekt! Då skal me feire at Håkon blir 18 år! Stor gut ja:P

Jau, har vel eigentleg ikkje så mykje meir å seie no i farta, kjem i alle fall ikkje på noko... Eg får vel take det att ein annan gong!

2. januar 2008

Godt nyttår!

t



Ja, da va vi komme te 2008. Skummelt karr fort tia går! I dag e d tredje januar, å no kjenne e at e har mær løst te å skrive nynorsk enn dialekt igjen... Hehe..

Men ja, tredje januar, torsdag, vel å merke, om tre dagar har eg og Håkon vore saman i tre månader. Og eg får ikkje vere hos han og gratulere han med dagen, jaja, neinei...

Håpar det nye året blir bra, utan alle forviklingane som var på slutten va forrige. Det har hatt ein litt brå start. Men den var og fin. Ein pangstart på dette året, som er eit litt anneleis år. Det er da skuddår!:)

I år er det og 16 år sidan eg kom til verda som lita dråk (jente). Eg gler meg til det.

Det er mange ting eg gler meg til i år:
-Bursdagen til Håkon
-Bursdagen min
-Vinterferien
-Påska
-Volleyballturneringa
-17. mai
-Sommerferien
-Pinseaften
-Irlandstur
-Leir?!
-UL?!
-Høstferie
-Jul!

Ting e ikkje gle me serlig mykje til:
-Eksamen!
-Påsketentamen
-Uventa sykdom som eg veit kjem ein eller annan gong
- Familie som slår seg vrang og nektar meg å besøke kjærasten

... Kjem ikkje på noko meir, er nok for positiv og glad akkurat no til å tenkje på negative ting.

Og så må eg setje nyttårsforsett, men eg har ikkje mange, for da kan eg ikkje nå dei.
- tren/ les og lær "kunsten å løpe"
- kutt ned på godteri/ spis rett og fornuftig
- ver effektiv på skulen
- stå opp tidlegare (blir ikkje eit problem trur eg)
- kome meg på ein rosenborgkamp:P
- bruke pengane mine fornuftig (dette blir vanskeleg:P)
- tenkje positive tankar

Ja, det var nokre tankar frå meg på ein torsdagskveld. Sit og planlegg bursdag og skal nok snart ta kveld, skal tross alt kome meg på skulen i morgon og vere frisk og rask! ;)