2. januar 2008

Godt nyttår!

t



Ja, da va vi komme te 2008. Skummelt karr fort tia går! I dag e d tredje januar, å no kjenne e at e har mær løst te å skrive nynorsk enn dialekt igjen... Hehe..

Men ja, tredje januar, torsdag, vel å merke, om tre dagar har eg og Håkon vore saman i tre månader. Og eg får ikkje vere hos han og gratulere han med dagen, jaja, neinei...

Håpar det nye året blir bra, utan alle forviklingane som var på slutten va forrige. Det har hatt ein litt brå start. Men den var og fin. Ein pangstart på dette året, som er eit litt anneleis år. Det er da skuddår!:)

I år er det og 16 år sidan eg kom til verda som lita dråk (jente). Eg gler meg til det.

Det er mange ting eg gler meg til i år:
-Bursdagen til Håkon
-Bursdagen min
-Vinterferien
-Påska
-Volleyballturneringa
-17. mai
-Sommerferien
-Pinseaften
-Irlandstur
-Leir?!
-UL?!
-Høstferie
-Jul!

Ting e ikkje gle me serlig mykje til:
-Eksamen!
-Påsketentamen
-Uventa sykdom som eg veit kjem ein eller annan gong
- Familie som slår seg vrang og nektar meg å besøke kjærasten

... Kjem ikkje på noko meir, er nok for positiv og glad akkurat no til å tenkje på negative ting.

Og så må eg setje nyttårsforsett, men eg har ikkje mange, for da kan eg ikkje nå dei.
- tren/ les og lær "kunsten å løpe"
- kutt ned på godteri/ spis rett og fornuftig
- ver effektiv på skulen
- stå opp tidlegare (blir ikkje eit problem trur eg)
- kome meg på ein rosenborgkamp:P
- bruke pengane mine fornuftig (dette blir vanskeleg:P)
- tenkje positive tankar

Ja, det var nokre tankar frå meg på ein torsdagskveld. Sit og planlegg bursdag og skal nok snart ta kveld, skal tross alt kome meg på skulen i morgon og vere frisk og rask! ;)

1 kommentar:

Ida Andrine sa...

Morsomt å lese bloggen din Ingrid, du skriver kjempe bra! :)