Ja, veit det er ei tam overskrift, men eg kom ikkje på noko anna i farta. Sit og ventar på at pizzaen til mor skal verte ferdig, og eg er verkeleg svolta kjenner eg. Sidan det er laurdag så har me familiekveld, og det er som oftast kjekt.
I kveld er det Casino Royale på tv'en, har aldri somla meg til å sjå denne siste filmen om han høge, mørke, kjekke.. Nei, no rotar eg meg bort, Daniel Craig er heilt klar ikkje høg og mørk, han har ikkje brune auge ein gong, men kjekk er han, sjøl om han er litt godt oppe i åra.
Har ikkje så mykje til over når det gjeld James Bond, har sett andre, litt meir spennande filmar, må ærleg innrømme det. Men no var det ikkje min tur til å bestemme kva me skulle få sjå no i kveld. Neste helg skal eg ein tur til meldal, det blir kjekt! Då skal me feire at Håkon blir 18 år! Stor gut ja:P
Jau, har vel eigentleg ikkje så mykje meir å seie no i farta, kjem i alle fall ikkje på noko... Eg får vel take det att ein annan gong!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
offda, fekk itj du sjå dein filmen du villja sjå?
No e d forresten berre 8 daga t e bli stor gut :D
oioioi! du kjæm te å sei ta kvar dag framover no, hæll tek e fæl?:P Fikk ikkje sjå filmen, færr d va visst ikkje barnevennle nok... men vi såg nå som va "koslar" da:)
Legg inn en kommentar