17. februar 2008

Vinterferi å skiskyting

No er vinterferien straks over, i morgon startar skulen att, det bli ikkje kjekt!:( Eg vil ha ferie lenger eg, heldigvis er det ikkje lenge att til påske;).. Da skal eg på sætra og gå på ski kvar dag!

Men no sit eg altså her ved kjøkkenbordet hos besteforeldra mine. I går var det forseinka bursdagsfeiring til meg, da var det kaker og smågodt i STORE mengder! NAM! Bakels me Sunndalsgraut er noko av det beste eg veit!

Ein ting eg begynner å bli lovleg lei av denne ferien er skirenn.. Skiskyting, langrenn, hopp, kombinert, sprint og klassisk. TV'en står på heile dagen når bestefedre og kjærastar skal få med seg absolutt ALT som har med ski å gjere. Det er namn som Bjørndalen, Svendsen, Bjørgen, Ljøkelsøy, Hilde, Moan, Tande, Berger og Johaug som går att med jevne mellomrom..

Er det rart eg blir ein smule surrete oppi hauet mitt? Det er litt spennande, eg skal ikkje seie imot det, men ikkje når dei siste fem timane har gått med til å høyre/sjå på all skisport... Men, men.. Eg overlever nok!

http://www1.nrk.no/nett-tv/sport/spill/verdi/39398

Artig når nordmennene vinn!
- ikkje så kjekt når dei ikkje gjer det ein sjeldan gong...

Men det var det for denne gong, vert ikkje så altfor lange innlegg, blir berre nokre korte snuttar..

Ingen kommentarer: