22. februar 2009

etter karneval..


Tenk no sit eg her, etter karneval og et banan og smågodt. Eg sit og ser på den så kalla "facen" eller facebook som det er mest kjend som. Driv og legg til nokre venner, og kjem på en rennbygg som eg tenkjer at jo, ho kjenner eg godt nok til å legge ho til. Så eg søkjer på namnet hennar, så klart kjem det opp fleire namn, men eg tenkjer som så at det er vel få personar i denne verda som finn på å leggje ut eit bilete av seg sjølv ikledd punkerjakke (skinnjakke med nagler overalt) og samelue! :D Dette syntes jeg var så morsomt at det måtte bare blogges.. :P legg ved eit bilete av den spesielle klesammensettinga :)

Jaja, nok usaklegheiter for i kveld (eller er det natt?!) Over og ut fra meg og mine usakligheter...

19. februar 2009

Februar=VINTERFERIE!!

Ja, no er det altså torsdag og SNART vinterferie!! Det blir bra, må bli bra, blir sikkert bra.. Eller?! :) Joda, det blir nok bra, i alle fall velfortent! Eg er så lei av skule no (sjå eg skriv nynorsk att!) og gler med STORT til ferie og skiturar. Ja, for skiturar høyrer med når ein har ferie, om ikkje all snøen regnar bort no da..


I dag har vi langdag på skulen, skal vere her heilt til klokka 4! Akkurat no har vi "naturfag" læraren sit på eit eller anna klasserom og har samtalar med forskrekka elevar, i 20 minutt! 20 MINUTT!! Kva kan ta så lang tid å snakke om at dei brukar 20 minutt? Huffogfuff..


Jaja, no er det tysk, så med dette biletet avsluttar eg blogginga for denne gong.. :)